Sævar- og Olsteinhellerane, Ullensvang

Nord i bygda Herand er det ei lang rekke store hellarar. Nokre av dei er spektakulære geologiske fenomen Herand – Geologi. Mange av dei har funn i frå forhistorisk tid, og somme av dei er svært gamle. Sævarhellaren og Olsteinhellaren i Herand var i bruk i el­dre steinalder mellom ca. 7000 og 5000 f. Kr. I denne perioden levde menneska på Vestlandet av fangst og fiske, og nokre gonger søkte dei ly un­der overheng av berg. Eit anna eksempel på ei slik busetting er Skipshelleren i Vaksdal. Arkeologiske undersøking­ar i 2005 og 2006 i Herand viser at steinalderfolka som kom frå øyane på kysten og at dei brukte hellerane i korte periodar i sumarhalvåret. Funnmaterialet består av både steingjenstander, bein og skjell, og tyder på at folk jakta i skogen, fiska i sjøen og sanka skjell på stranda. Under opphalda lagde dei også reiskap, slik som fiskekrokar og harpunar av bein, og pilspissar og fiskesøkker av stein. Då hellerane var i bruk sto havet 20-30 meter høgare enn i dag, så dei kunne dra opp båtane i mellom fjøresteinane like nedanfor buplassane.

Fangst og fiske

Sævarhelleren og Olsteinhelleren føl etter kvarandre i tid og var i bruk i til sammen 2000 år. Nokre endringar fant stad over dette tidsrommet. Folk i den eldste Sævarhellaren jakta på elg og bjørn, medan hjortejakt var meir vanleg for dei som budde i Olsteinhelleren. I begge til­felle har dei brukt hund. I begge hellerane er det funne bein av villsvin og dessutan av pelsvilt som mår og oter. Folk i begge hellerane drev fiske med beinkrok og snøre, og dei vanligaste artane var torsk og sei. Storleiken på beina viser at fiskane var relativt små, mellom 30 og 50 cm lange. Mykje av fisket har difor gått føre med stang frå svaberga eller frå båtar nær land. Av og til har dei våga seg ut på djupare vatn, for det er funne bein av både lange, brosme og til og med stør. Makrellbein viser at folk har vore der om sumaren. I begge hellerar vart det funne tjukke dyngar med blåskjel og strandsegl. Det er usikkert kva dei brukte dei til; om det var mat for folk eller agn til fiskekrokane. Kanskje var det beg­ge delar?

Produksjon av reiskap

Funn frå utgravingane gav ny kunnskap om handverket til steinalderfolka. Det vart funne ei mengde fiskekrokar, men det dukka også opp små hogde og slipte bitar av bein. Etter å ha studert dei i mikroskop viste dei seg å være halvfabrikata og kapp etter produksjon av fiskekrokar. Krokane er vorte laga av bitar av bein frå hjort eller elg. Beina vart fyrst hogd til, og deretter drilla «beinsmeden» eit hol med eit bor av flint eller bergkrystall. Til slutt vart kroken forma og slipt med ein lita plate av sandstein. Før dei festet snøret saga dei nokre hakk på stamma av kroken. Fiskekrokane frå eldre steinalder hadde ikkje mothaker, men alle beina av torsk i laga tyder på at dei virka godt likevel.

Bronsealderfunn

Sævarhelleren var òg i bruk i eldre og yngre bronsealder mellom ca. 1800-500 f.Kr. I denne perioden budde det jordbrukarar fast i Herand. Botaniske granskingar frå Herandsvatnet og i frå gamle åkrar viser at dei hadde tamdyr på beite. Bergkunstfeltet på Bakko var frå same tid som funna i helleren. Under gravingane i Sævarhelleren dukka det opp ei grop som hadde vært brukt til koking av mat, og det var tjukke lag av kol og dyrebein oppe i og omkring gropa. Dei fleste beina var av storfe og småfe, men fisk og vilt var også ete på staden. Saman med beina låg det skår etter keramikk og avfall etter produksjon av flintreiskaper. I Bronsealderen var nok Sævarhelleren brukt som kvileplass eller til og med buplass for folk som kom frå bygda, sjølv om folk på reise langs fjorden også kan ha budd i helleren.

 

Fiskekroker og redskaper fra hellerne. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.

 

Utgraving av Sævarhelleren. Foto: Universitetsmuseet i Bergen.