Menneskene

Bleivik- og Bønesmennen

To skjelett datert til 8500 før nåtid gir oss et hint om hvordan mennesker i eldre steinalder så ut. De to kommer fra Bleivik nord for Haugesund og fra Bønes i Bergen. Mennene hadde blå øyne og brun hud. De har blitt rekonstruert med tanke på deres alder da de døde.

 

Bleivikmannen
Bønesmannen

«Holmefjordmannen»

I 1984 fann bonden på Søre Holmefjord rester etter eit menneske i ein heller på gården. 

Menneskebeina blei nærare undersøkte, og det blei konkludert med at dei har tilhøyrt ein mann på rundt 30 år. Han var ca. 1,67 meter høg og hadde ei ryggliding som kom av forbeining. Ved detaljerte studiar vart det oppdaga at han må ha fått ein skade i ryggen av ein spiss gjenstand. Skaden såg ut til å vera lækt, så dette var ikkje dødsårsaka. Ei C14-datering av skjelettet viste at mannen levde ca. 2100 år f.Kr., altså heilt mot slutten av steinalderen, om lag samtidig med menneska som det er funne skjelettrestar etter under helleren på Ruskeneset i Fana. Dette var i ein periode då jordbruk nettopp hadde erstatta fangst og fiske som den viktigaste næringsvegen. Kanskje var holmefjordmannen eksponent for akkurat dette; C13-nivået i skjelettet viste at han hovudsakleg levde av landpattedyr – kanskje husdyr – sjølv om fisk og sjøpattedyr også har stått på menyen.

Funnmaterialet frå eldre jernalder bestod av ei grop med kol, og oppi den låg nokre skar av leirkar, opphavleg forma som spann. Dette var ein type keramikk som blei brukt i perioden 200–550 e.Kr. Truleg var helleren i bruk til korte opphald med matlaging i denne tida. Funna frå mellomalderen var meir omfattande og tyder på variert bruk. Ein god del fragment av baksteheller dukka opp, i tillegg til jernnaglar, bryne og ikkje minst slagg. Arkeologane meiner at helleren i mellomalderen fungerte som eit eldhus, kanskje i kombinasjon med ei smie. Liknande funn er gjorde i Hallgrimshelleren i Herand. Smieslagg dukkar ofte opp i hellerar frå denne perioden. Slike bergholer eignar seg då også godt til smiing sidan dei er brannsikre og det er lett å kontrollera lyset. I tidlegare tider var det viktig at det ikkje var for lyst i smiene. Utan måleinstrument måtte smeden vurdera temperaturen i emnet sitt ut frå fargen på det glødande jernet.

Deler av skjelettet av en mann funnet på Søre Holmefjord.